idag har vi fått eit nytt møbel i hus. ein stol. den er litt tante-retro, blomstrete med teak bein. ja, eg trur nok ho mor ville rulla augene så langt bak i skallen at dei ikkje hadde komt fram igjen på ei veke. så fin trur eg ho syns den er. men vi syns den var fin då. spesielt med ein sauefell oppi. og så kosta den jo berre like mykje som ei bukse! og det er jo fint. iallefall når det er snakk om billige bukser. som det jo såklart er i dette tilfellet. men altså, som tittelen på innlegget seier. vi skal snakke om jul. for sjølv om vi har fått ein ny stol i hus, så er det fortsatt ting som manglar i vår ringe bolig. (det har ikkje blitt for mykje interiørblogg dette her vell?). her er ei litta liste over ting vi kunne trengt- og dermed ynskjer oss. til jul.
* string hylle. av den svenske mannen nils strinning. gjerne string soft i ein pudderrosa farge. med olja valnøtt plankar. eventuelt ei mint string soft hylle., med olja valnøtt plankar. det hadde vert top notch med ei string hylle altså!
* eames stolar. ja, vi har tre. men ynskjer oss fleire. spleiselag anyone?
i fargane glossy gul. matt brun og matt i, tjah.. kva skal vi sei? orange? kan fås ganske “billig” hos designers revolt. iallefall billigere enn hos vitra. bedre kvalitet også. hmrf.
* kullsyremaskin. også kalt sodastream. kanskje eg blir flinkare til å drikke vatn då? eg kan jo ingenting om slike maskiner. men den bør helst vere slank og fin, gjerne retro? du veit, som kitchenaid kjøkkenmaskina! men det viktigste er at den passar inn på mitt ellers så veldig røde kjøkken, ergo. den bør vere enkel i utsjånad. og gjerne eit pluss om den står til det stålbørsta kjøleskapet? eller blir det too much? og ja, den bør ikkje vere grønn. då får den ikkje stå framme av strenge brøndo.
*dette kitch, pin-up askebegeret fra 50-tallet. vi hadde eit slikt i salongen, men det forsvant før eg fekk tenkt meg godt nok om. for eg driver jo ikkje med tobakk og den slags, men det er grådig fint å ha til pynt då. kanskje dei finaste øyredobbane kan ligge på utstilling der? og det kulaste med det, er at ho både kan vippe med beina og vifte med vifta. like a real diva!
* ellers er ting som: pengar til gulvteppe, stolar og hylle også heilt greit+ !
* og kanskje ting som: ein langweekend til london/paris/new york heller ikkje å forakte. det er heller ikkje eit par litt store kasserollar..
eg veit, det er litt kjedelig og at eg har dyr smak. but what can i do?









































