Eg er så lei av eksamen, faktisk så lei at eg ikkje får sove om natta. Det er kjedelig, sidan eg treng mykje søvn, ellers blir eg lite opplagt og konsentrert. I natt fekk eg lite søvn, og dermed svært ukonsentrert om eksamen. Igjen. Eg veit det er siste innspurt, fem dagar igjen til skuleåret er omme, og 8 dagar til eg reiser til Zakynthos og Hellas. Men eg er så lei av skule, eksamen og kjedelige oppgåver som skal vere alt for korte. Foresten, det er heimeeksamen i fjernsynsgenre eg klagar over. Og når eg er så ukonsentert, så er det så mykje enklare å ta avsporingar som dette og dette.