Eg har no vore heime i ein halvtime, etter ein kveld på jobb. Dagen gjekk ræv, og det var kanskje den verste dagen på Bua så langt. Eg klarte å knuse tre-fire glass på veg inn den mongo døra fra flåten til puben, og smart som eg er så hadde eg sandalane mine på meg (jo, dei hjelpe mot vonde føtter og rygg!). Så eg fekk knust glass inn i sandalen, og tåa mi fekk en liten glassbit inn i seg.. Så den fekk litt vondt, og blødde litt. Ellers rota eg litt med maten, men det gjer eg jo alltid.. Eg lika ikkje mat! Men det morosame var at farfar var der, og han drakk øl! Kan ikkje hukse sist eg såg han gjorde det, så eg blei litt glad :D Skål farfar!

Men sidan kveldane ofte blir lange og seine på Bua, så blir det lite til at eg gidde å opdatere. Og eg ser som regel ut som dette når eg kjem heim, trøtt som en gris, men likevel våken som ein fugl…

bilde-286.jpg

bilde-284.jpg