Eg meddelte tidlegare at Anderslotheveg. 14 ofte vert brukt som dyrepensjonar for familiar med dyr, som skal på ferie. I den anledning fortalte eg om “sjarmtrollet” Yasmin, ein raud og kvit hamster. Vi har hatt den her i tre veker, og om den ikkje har skremt halve familien U. Solheim-Olsen, så har den iallefall satt sine spor i naseborene våre… Men lille Brita stod imot presset og passa den, kosa med den og gjorde at den skulle føle seg heime (to meter fra senga mi..). Då ferien var over for lille Yasmin, kom matmor, søstre og far å henta ho heim til gamle, kjente trakter igjen.
Familien til Yasmin vart sjeleglade for å sjå at vi hadde klart å passe så godt på ho, og klart å holde kattens hunger unna hamsterdance Yasmin. Ungane (Emma, Alice og Brita) viste fred og ingen fare, då dei sat i badekaret hos familien til Yasmin å bobla seg. Då det skjedde.
“Otto, Otto, spring etter katten, den har hamsteren!!!!!” Og ut sprang Otto (seier ryktene). Ungane spratt ut av badekaret som små froskar, og ut på gardsplassen, nakne, for dei etter Otto.
Men, det var for seint. Katten hadde tatt ei god tygge Yasmin, og eit lykkeleg hamster liv var gått tapt.
Begravelsen fann stad dagen etter, mange tårer felt ved staden. Og hamsteren er no begravd i hagen til pårørande. I håp om at den får eit betre liv ein betre plass. Kanskje i himmelen, for dei som trur på slikt.
R.I.P Miss. Hamster Yasmin Hugøy.


3 comments
Comments feed for this article
juli 20, 2007 kl. 2:28 am
marie
oi.. action
juli 20, 2007 kl. 2:29 am
marie
R.I.P
juli 20, 2007 kl. 7:17 am
kiwiida
hehe. RIP yes:p