Sliten idag. Trudde virkelig eg skulle sovne i bilen på veg heim fra job, og det var så vidt eg huska å hente posten. Flaks at eg gjorde det. Då eg henta den såg eg en liten pakketing i postkassen, ein cd forma pakke. Med mitt namn på. Eg tenkte, hmm. har eg vunne cd no igjen? jøss! Men så såg eg at det var fra platekompaniet, og måtte selvfølgelig opne med ein gang. “Coockies” av 1990s var plata som låg i pakken. Eg satt ei stund i bilen før eg kom på at det kunne vere at eg hadde bestilt den for lenge sidan, og så hadde dei den ikkje på lager når eg bestilte. Men problemet var at eg ikkje kom på når eg kunne betalt den osv, og så gjekk det opp for meg. Det kunne jo vere Lasse! Den tøyse gutten. Og jammen var det ikkje han som hadde kjøpt den.

Ein oppfrisker på ein ellers så grå dag.

Låve.