Igår holdt eg på å få hjartet i halsen. Eg stod opp, litt pjusken i magen og skulle finne meg eit glas vatn. På veg til kjøkkenet kikka eg ut vindauget, berre sånn overfladisk og gjekk vidare. Det tok ikkje eit sekund ein gang før eg gjekk steget tilbake og skreik høg! ÆÆÆÆh!!!

Det var snø på bakken.

Eg fekk nesten ikkje puste. Tankane for gjennom hovudet mitt, eg vurderte psykolog eit lite sekund der eg stod forskrekka og såg ut på årets første snø. Datoen var i går 16 september. Ein fin haustdato- egentlig. Ikkje ein dag der det vil virke naturlig at den første snøen tar turen innom Lillehammer. Det er ikkje normalt i Lillehammer en gang! Det er over ein mnd tidlegare enn i fjor, og eg trudde det var tidleg!?! Akk. Korleis skal eg klare å komme meg gjennom vinteren? Eg har ikkje tatt med meg tjukkesokka og votta en gang!

sno.jpg