Sommer og festival. Det er det eg saknar mest av alt idag. Januar har akkurat starta, og det er 177 dagar og 12 timar og 53 minutt til årets Roskilde festival startar. Eg kan nesten ikkje vente. Radiohead. Eg skulle ønske eg hadde ei tidsmaskin, så eg kunne skru fram tida til april, når man kan sitte i parken, grille og lese til eksamen eller berre fjolle rundt i lette skjørt og ingen store vinterjakker. Og etter april kommer juni og juli. Når man kan ha på så lite klær som overhodet mulig, gå i bare fotane, bruke soliser og danse ute heile natta lang. Og sommerfeire.
Eg håper eg bestemmer meg for å reise på festival i år. Mange. Det går nesten ikkje an å gå glipp av Radiohead. Og det er berre det første navnet som er publisert. Hm. Eg har veldig trua på årets Roskild. Og på årets Hove. Og på Øya. Og egentlig Quart. Eg vil reise fra festival til festival i heile sommer. Leve teltlivet, og ha så skitne føtter at dei ikkje blir reine igjen før langt ut i november.
Sitte på bakken. Kose. Høre på musikken som dura over annlegget, med hodet i fanget på han, eller ho om du vil. Shorts. Skjørt. Blomster. Sol og solnedgang, men likevel trenger man ikkje ta på seg jakke, for det er sommer og varmt. No er det berre 177 dagar og 12 timar og 44 minutt igjen til Roskilde.
Eg gledar meg. Og eg savna nok sommeren like mykje.


10 comments
Comments feed for this article
januar 6, 2008 kl. 12:00 pm
o
såååååå fint skrevet.
januar 6, 2008 kl. 12:17 pm
kiwiida
pft.
januar 6, 2008 kl. 12:22 pm
o
noen vil si at ordforrådet ditt i kommentarene er litt begrenset..
januar 6, 2008 kl. 2:57 pm
marie
jeg vil være med deg på festivalsommer Ida!! vi kan reise rundt på forskjellige festivaler. sol. musikk. sommer.
januar 6, 2008 kl. 3:08 pm
kiwiida
jaja. kan vel ikkje sei meg uenig akkurat.
januar 6, 2008 kl. 3:08 pm
kiwiida
marie. im glad! bli med. øya blir og. det glømte eg å få med gitt. joze gonzalez skal jo spille der. hurra.
januar 6, 2008 kl. 3:14 pm
Gunnhild
eg og er med! Roskilde! Men hugs å kjøpe billett fort, det blir sikkert fortare utsolgt enn vanleg når sjølvaste Radiohead er på plakaten
stipend -> billett
januar 6, 2008 kl. 9:21 pm
kiwiida
hmm. ja, eg får vel solgt den viss eg finne ut at eg ikkje skal. men eg har jo ikkje heilt bestemt meg enda. line-upen på dei britiske festivalane har ikkje dukka opp enda, og der pleie å vere mykje bra bands. radiohead kan vere ein av dei. så eg avventa litt trur eg. har ingen å dele telt med på roskilde enda, så må finne en teltvenn og sånn før eg bestemmer meg =) men sjansane er egentlig store. eg skal heller legge av stipend pengane:D
januar 6, 2008 kl. 11:01 pm
hemmelig beundrer
i love you!
januar 7, 2008 kl. 8:57 pm
kiwiida
haha.