“Summertime and the livin’ is easy
Fish are jumpin’ and the cotton is high”

Eg sitte no her, i vinterkulda. Ser ut over eit tåkelagt Lillehammer som er dekka av snø (nesten i flytande form) og som er så grått og trist at eg har lyst å grave meg ned under dyna, med min nye kjærleik ipod toutch, alle mine vakre bilder og drømme meg til sommeren. Eller rett og slett berre legge meg i dvale til sommeren er her. Eg er rett og slett veldig klar for å sove meg gjennom vinteren. For vinter på Lillehammer, eller generelt er ikkje det samme som den har vert før. Januar i Lille skal (ifølge ryktene) vere iskaldt- rundt en -20 til -30 grader, og ha masse masse snø. Været skal vere stabilt. Og du skal kunne lage snømenn til langt ut i april. Og gjerne mai for den del. Det er ikkje slik eg har opplevd vinteren i OL-byen så langt i år. Det er anankvar dag med regn, snø og opphold. Eg blir skikkelig frustrert. Og ikkje minst deprimert.

Eg er eit sommerbarn (sett bort ifra at eg ikkje er født på sommaren då) og lever eit mykje betre liv når eg kan ha lite klær på meg, vere varm og berre tasse rundt i fotane. Og spesielt om eg får gå med kjole. Gjerne med blomster i håret, hagen, stua, på kjøkkenet og overalt egentlig. Det er kanskje det som er mest trist av alt med vinteren. Livet og fargane som er overalt om sommeren, våren og hausten forsvinner så lenge på vinteren. Det er plutselig ikkje fleire fargar igjen enn dei du lagar sjølv. Eg lika å tru at eg er litt fargerik, men ingenting er som ei grøft fullt med alle regnbuens fargar og nydelige blomster og sommerlukt.

Akkurat no skulle eg egentlig ønske eg fekk gå rundt i verdens lettaste sommerkjole, med langt bølgete sommerhår og en blomsterkrans i håret. Akkurat som denne flotte jenta som kommer i mars utgaven til NYLON. Nydelig jente. Skulle ønske eg kunne ha tilgang til nye, freshe, ferske blomster kver dag. Så eg kunne putta dei i håret og berre gått rundt å lukta på dei. Lukta på sommeren, og drømt meg til juni og juli og august. Eller berre til varmare strøk. I wish it was summertime, than the living is more easy.

Fa-fa-fa. Give me summer tra-la-la.

65.jpg47.jpg84.jpg79.jpg
Foto: nylonmag.com