Når eg glad og fornøgd og med store forventningar til livet, sa adjø til Firda Vidaregåande, matematikk og ikkje minst naturfag, trudde eg at eg hadde sett ein matteformel og hørt om positive og negative ladningar for aller siste gang. Men der tok eg feil gitt. Dagane på Fjernsynsteknikk går med til å lære seg grunnkurs i elektroteknikk. Dette inneber laaaaaaaange dagar (0915-1600) med rare formlar, utrekning av resistans, motstand, sinuskurver og andre diverse formlar eg trudde eg hadde gått rett forbi uten at det skulle bety noko for framtida mi. Det har eg innsett at var litt dumt. Resultatet er altså, alt eg ikkje lærte på vidaregåande fører no til at eg ikkje lærer noko på høgskulen heller. Kjipt igrunn, sidan eg skal ha eksamen i alle desse finurlege formlane og grafane og tekniske kart over ymse diverse kursar og annlegg. Eg skjønna så lite at den siste dagen har eg laga tegninger i hundre forskjellige motiv og fargar. Eg har nemleg kjøpt meg nye tusjar (eller heiter det tysj?). Kanskje eg skal bruke dei meir effektivt i kladdeboka mi når eg no skal tegne akkustiske bølger? I think so..
Dagens forelesing om ståande bølger, bølgelengder og andre bølger som ein kan finne rundt om kring. Type elektriske bølger i tom rom…
Eh. Sigmund er iallefall ganske smart og flink og klok. Nesten som den brune ugla i Ole Brum. Kanskje enda smartere. Og så er han litt morsom då, spesielt når han innrømmer at stoffet er så tørt at han nesten sovna sjølv..
Hurra, no er det berre 45 minutt til vi er ferdige.



3 comments
Comments feed for this article
januar 23, 2008 kl. 1:08 pm
reidun
Oy.. Du er kjempegod å tegne! Jeg trodde dette liksom var Ida’s art of the day.. Det var det jo, men jeg trodde dette var kunst som var hentet fra nettet..Faktisk..Kult..
januar 23, 2008 kl. 2:15 pm
Mammadi
Eg ser kor dei kreative ferdighetene dine blir brukt… No må du ikkje bruke opp dei nye tusjane dine… (og ja, det heiter tusj..)
januar 25, 2008 kl. 2:48 pm
ida
joda. dei skal eg klare å bruke opp i timane til sigmund. eg har jo kjøpt dei for at eg skal bruke dei deR:p