Når eg var mindre (jada, eg har vert mindre. haha. ok, no er vi ferdige med å le av det), hadde eg eit sett med fargestiftar, type oljestift eller lignande som eg kunne sette på fingrane mine. Dei var forma som elefantar i mange forskjellige fargar og eg hadde eit sett med hender. Dei var kjempe fine, og eg brukte dei som regel mest til å leike med. For dei var jo så fine. Sukk, eg savna å vere liten gitt. Det var tider. Men no var eg akkurat ein surfetur rundt omkring på verdsveven, og der kom eg innom ei side med slike fargestifar. Iallefall noko som kunne minne om dei, berre med eit anna motiv enn elefantar. Eg fekk skikkelig lyst på slike, men først skal eg sjå om eg har noko igjen av elefantane og hendene eg hadde når eg var ikkje liten- men mindre.


No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen