Endelig har eg ein grunn for å reise til New York!
iD og oD er radarparet bak sjømannsdisken på min fine sommarjobb. Iden og Oden blir vi også kalla. Og no skal vi ikkje jobbe særlig mykje saman lenger, dette kan faktisk bli siste gangen, denne sommaren. Det blir nok trist. Men eg har lovd Oden at eg skal komme på besøk. Ho skal flytte til en av mine drømmebya, New York for å bli skodespelar. Hurra! Og så kom ho inn på skule og alting. Eg skal såå besøke ho, eg gleda meg sånn og er så fryktelig glad for oD. Det blir nok noko anna enn å skjenke john og gaute kver dag. For så å vaske opp glassene etter dei. Nei, dette blir nok kuli. Men jenta må jo legge om fra L´Pool dialekt til ekte manhattan no då. Endelig skal eg få sjangsen til å sjekke ut kåken til Carrie Bradshaw osv. Eller, eg kan iallefall kanskje stå utanfor der dei spelte at ho budde. Snike inn vinduene. Hihi. Id og Od opplever USA!

Grattis Oda. Virkelig!