… it`s a you and me house.
Eg vil bygge ei hytte av tepper, dyner, stolar, bord og dukar. Eit sted kor vi kan gjømme oss vekk når vi vil at verden berre skal gjer oss usynlige for ei lita stund. Eit lite sted vi kan vere for oss sjølv og tenke at vi ligger på ei stor, stoor eng med blomster overalt og ser på stjernehimmelen. Det er varmt og vi har bare fota og holder hender. Idyll. Ein anna gang kan det vere at det er snøsfokk ute, og vi måtte grave oss ned i snøhula vår så for å overleve den fæle stormen. Vi må såklart sitte tett, så vi holder varmen. Du er stor og sterk og holder rundt meg i tilfelle den store, farlige isbjørnen plutselig kommer inn i hytta vår. Og når stormen har gitt seg, kan vi slappe av og kanskje vende tilbake til den virkelige verda. Hytta vår skal vere midt i stua, den skal vere lun og full av mjuke ting vi kan ligge på, så vi ikkje får vondt i ryggen og rumpa såklart. Eg vil også ha ei lita lampe i taket, eller på golvet- akkurat som når ein er på telttur i skogen. Eller så kan vi ha juletrelys, det er så fint. Det er hit vi skal forsvinne når det er for mykje å gjere og vi vil vekk fra alt maset. Du og meg. Berre oss to. Det kan vere eit lite gjømmested som berre vi veit om og som ingen andre kan sjå, trur vi iallefall. Det hadde vert fint. Og eg trur du hadde likt det også.


2 comments
Comments feed for this article
mai 16, 2008 kl. 6:40 pm
Lasse
Bra skrive
mai 16, 2008 kl. 8:33 pm
ida
hmm. only whats in my head..