Nokken har stjelt sykkelen min. Den rosa, fine, gamle, brukte Kombi sykkelen eg kjøpte på loppis for 50 spenn. Tenk så frekt. Den stod jo bak huset vårt, inngjerda og bak den skumle, elektriske porten som faktisk har klistermerke på der det står at området er overvåka. Eg hadde aldri turt å gått inn hit om eg ikkje budde her. Var så vidt vi turte å gå inn på gårdsplassen når vi var på visning liksom, og det var berre fordi på den tida var porten ødelagt og den stod heilt åpen. No er den lukka og ser skummel ut. Men likevel er folk så frekke at dei spasera rett inn og tar seg til rette. Heldigvis stod den fine sykkelen som kosta litt meir enn femti kronasjer igjen. Dei kan ikkje ha vert så smarte dei som var her tenker eg. Då hadde dei nok tatt med seg begge.