Viss bøkene blir utan elefantar
Då blir det trist å lese.
I ei skikkeleg bok er det alltid
minst ein elefant.
Sjølv om ingen oppdagar den.Om elefanten ikkje viser seg
utanpå boka eller i første kapitlet
er ikkje så farleg.
Du forstår nok det er fordi
han unngår sånne stader.
Han likar å vere i fred
med tankane sine.
Derfor held han seg også
unna dei siste ti – femten sidene.
Det plar ofte vere så mykje bråk der
ei bok held på og skal slutteMen djupt inne
i boka,
dit elefantjegerane ikkje finn vegen
dit berre ein
og annan
sniklesar kjem,
derkjem han stundom til syne
når du står lenge
heilt roleg.Og ser du ingenting
kjenner du likevel på deg
at inne i tjukna
like roleg som du
står elefanten
og følgjer deg med dei små augo sine
Ser ikkje du elefanten
ser elefanten deg.I dei bøkene
der elefantlesarane reikar.- Einar Økland


1 comment
Comments feed for this article
mai 28, 2008 kl. 11:00 pm
erling
herlig!