kjære mor og far, søster og bror, tanter og onklar, høvdingar og deira fruer.. eg starta ei ny spalte, nedtelling til jul. dette er ting eg drøymer om å få. kanskje til jul, kanskje til neste jul, kanskje aldri. men det er vel lov å drøyme? dette er berre første litste. så det er sagt..:
1) retro platespelar. av den bærbare typen. fin å ha med i parken eller? ja. i do belive so.
2) kråkesølv og atlas sound-plater.
3) mariusgenser. ja, mor du får berre strikke i veg…
4) ei klokke. tida går ifrå ein på ein to tre.
5) dette er ei alexander wang veske. men den er så dyr at det er ei heil årslønn som hadde gått med. men der finns tusen kopiar. copycat.
6) ein digital super8. på ein måte. ein må jo følge med i tida.. verden blir ikkje analog igjen (desverre).
7) nikon d300s. eg må jo utvikle meg. og kan ikkje ha det samme kameraet som min onkel på 41.
hmm ja, eg er ikkje kravstor altså. eg berre drøymer. og der er jo klart, det kan finnast andre plassar, vere andre merker og slikt. altså.
to be continued….


2 comments
Comments feed for this article
november 10, 2009 kl. 1:01 pm
cherryblossom
Bestemor var kjempetrist fordi ingen ville ha strikketing lenger. Så blei eg kjempefornerma, for eg har masa om mariusgensar i evigheta! Så ho blei hoppande glad, og skal sette igang med ein gang
o’lykke!
november 10, 2009 kl. 6:17 pm
ida
hihi. heldig! mamman min har begynt på ein til meg også. som eg skulle få til jul i fjor, som ikkje blei ferdig. så skulle eg få den til bursdagen. og den blei ikkje ferdig. så no kryssa eg fingrane for at ho har strikka ferdig. for no er det begynt å bli rimelig kaldt i 94.