Arkiv | februar, 2012

feet dont fail me now, take me to the finish line.

11 Feb

 

 

eg fekk den ære og det grufulle oppdraget å åpne catwalkvisningen til Frøken Dianas Salonger på sjølvaste åpningsdagen av oslo fashionweek. heldigvis var dette i arrangør av fashionawards, så dei fleste fashionistane var nok på ein anna arena enn den vi var på. ikkje at det eigentleg fekk pulsen til å slå mindre hardt. for eg trur nok at pulsen var i max tempo både i sekundet før vi skulle gå og i ti minuttar etterpå. det var artig. men himla skummelt. eg trur kanskje ikkje eg komme til å melde meg på nokke modellkonkurranse etter dette (men om eg hadde hatt egoet til det, så hadde dei vel uansett ikkje tatt inn ein dverg. så eg får leve på denne gangen). men noko å fortelle barnebarna er det jo. for det er jo fortsatt skikkelig gøy å høyre om då farmor var florøs beste handballkeeper i etterkrigstida.. eeehm. igrunn ikkje.

uansett. her kan du sjå masse bilder fra visninga. det er ikkje lov å le!!

ps. Karl Erik har tatt bildene. men det skjønte du kanskje, ettersom eg dominerar dette albumet…

somebody that i used to know.

9 Feb

fin låt. fin video. det er jo kunst!

hårete.

5 Feb

og då set eg øve frå viktig post, til mindre viktig post. her er hår eg skulle ynskje eg hadde. helst på ein mandag.

الضفة الغربية الرائعة

2 Feb

ok, så var det kanskje langt og lenge mellom blogginga om dagen. men no er eg her igjen altså. så, hallo bloggen! (ekje det det kidsa seier?)

sidan sist har eg opplevd ekstremt mykje. ting eg mest sannsynligvis ikkje hadde fått opplevd om eg ikkje hadde møtt min fantastiske venn, May, for to år sidan. eg har nemleg vore på vestbredden, palestina- eller for dei utan peiling, israel. to fantastiske veker, som eg kunne snakka om 27/7, non stop. men det skal eg altså ikkje gjer. sjølv om ein kanskje burde drive med den slags folkeopplysning. men eg har eit bedre forslag, istedenfor at eg skal fortelle, skrive dårlege setningar eller overfortelle; reis til vestbredden! utforsk palestina. berre gjer det. du vil aldri snu deg tilbake eller angre. eg lova, handa på hjartet. eg er iallefall eit meir opplyst menneske, og har ei mykje betre forståing for konflikten mellom palestina og israel. og foresten, det er ikkje farlig- viss det er det som held deg tilbake. (men altså, det kan vere ting du helst ville sluppet å sett. men som du seinare kanskje blir glad for at du såg..om du skjønna).

uansett, dette er ein oppsummering, i bilder- for det er jo det eg er best på. my weeks in palestine (og litt i israel).

denne posten burde ha eit soundtrack,så det blir bandet som lagde liv og spelte ein skikkelig bra konsert på nyttårsafta. so, listen to this when you read this post.

(meir …)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.