Arkiv | Fint og flott RSS feed for this section

times they are a changing.

23 Apr

det går mot lysare tider. jobb, lønningar, magnolia, syriner, cherryblossoms, vår, sommer, sol, park, ferie, festival, lyse netter. alt som er bra å sjå fram til. hurra for det!

i tillegg har vi oppdaga alabama shakes, og vi konkludera med at vi digga det. minnar oss om både janis og zeppelin.

الضفة الغربية الرائعة

2 Feb

ok, så var det kanskje langt og lenge mellom blogginga om dagen. men no er eg her igjen altså. så, hallo bloggen! (ekje det det kidsa seier?)

sidan sist har eg opplevd ekstremt mykje. ting eg mest sannsynligvis ikkje hadde fått opplevd om eg ikkje hadde møtt min fantastiske venn, May, for to år sidan. eg har nemleg vore på vestbredden, palestina- eller for dei utan peiling, israel. to fantastiske veker, som eg kunne snakka om 27/7, non stop. men det skal eg altså ikkje gjer. sjølv om ein kanskje burde drive med den slags folkeopplysning. men eg har eit bedre forslag, istedenfor at eg skal fortelle, skrive dårlege setningar eller overfortelle; reis til vestbredden! utforsk palestina. berre gjer det. du vil aldri snu deg tilbake eller angre. eg lova, handa på hjartet. eg er iallefall eit meir opplyst menneske, og har ei mykje betre forståing for konflikten mellom palestina og israel. og foresten, det er ikkje farlig- viss det er det som held deg tilbake. (men altså, det kan vere ting du helst ville sluppet å sett. men som du seinare kanskje blir glad for at du såg..om du skjønna).

uansett, dette er ein oppsummering, i bilder- for det er jo det eg er best på. my weeks in palestine (og litt i israel).

denne posten burde ha eit soundtrack,så det blir bandet som lagde liv og spelte ein skikkelig bra konsert på nyttårsafta. so, listen to this when you read this post.

(meir …)

all i do is dream of you.

15 Aug

det er vanskelig å ha ei fin, halvtom leilighet og ein smak som er så dyr at leiligheita aldri kommer til å bli møblert. her er ting eg drøymer om.


eames plastic side chair.

eg skulle gjerne hatt ein fire-seks slike stolar av sorten til venstre eller den som er illustrert i sjøgrøn og grå.
dei skulle stått fint rundt mitt runde spisebord. og vere lyse, glade, fargeklattar i ei ellers kvit leilighet. kanskje eg kan få ein til jul og bursdag i to år?
stolane er signert Charles & Ray Eames, og vart først laga i 1950, men nye stolar vert fortsatt produsert i samme stil som den første, orginale stolen.

c1.

det skulle ikkje vert meg imot å hatt ein Verner Panton stol frå 1959 i den kommande lesekroken. den kunne godt vore kanarigul. for gult er kult!

eames storage unit.

det er tydeleg at eg er glad i Ray & Charles Eames.. men det hadde vert fint å hatt eit slikt oppbevaringsystem i den lille kontorkroken på det store soverummet. lite, enkelt og fint.

home desk.

ved sidan av dette lille hyllesystemet kunne det vore fint å ha eit lite skrivebord med plass til imac, og inspirasjonsgreier. og dette er jo ein liten inspirasjon i seg sjølv! fint ka?
designa av George Nelson i 1958, og er ein pult som er like funksjonell som den er fin å sjå på. tommel opp!
desse tingene og bildene har eg plukka hos vitra

rock´n roll chair.

men altså, eg kunne godt hatt denne godstolen også. den hadde passa fint ved peisen på ein kald vinterdag. signert R. Chr. Natvig, anno 1954. norsk altså!
kanskje litt for grøn for karlos og den mintgrøne veggen. men ellers ein serdeles fin stol! slikt noko sel dei på fuglen bar (min nye favortitt stad)!

plus 9. quilt.

eg trur dette teppet hadde gjort seg svært godt i min gråe usymmetriske sofa. frå danske HAY.

 

 

to be continued.

“i wanna thank; mom, dad- who always have supported me, and offcourse, ida, you´re my everything, who always belives in me….”

24 Apr

om det skulle bli sånn at den fantastiske “Tuba Atlantic” stikker av med Oscar for best foreign film i Oscar utdelinga 2011 (for studentar vel og merke), så er det jo lov å håpe at fotografen seier dette i takketalen.. ehm. ja. kremt. det er jo lov å drøyme.. ingen har vel stoppa ein som dagdrøymer i å dagdrøyme før? det ville vert rart.

men eg dagdrøymer ikkje heilt. for min kjære og resten av teamet bak studentfilmen Tuba Atlantic ER nominert som ein av fem semifinalistar til årets student-Oscar, som kvart år vert haldt i Los Angeles. det er Oscar liksom. berre for studentar og ikkje etablerte filmskaparar. så det er jo litt stas. eg blir litt stolt eg. men takketalen er nok ikkje heilt realistisk. sjølv om eg lika å tenke på at det hadde vert fint. då hadde eg nok blitt grådig raud og varm i kjakane mine.

cute but I’ll take the bus

2 Apr

 

i går blei eg litt sånn nyforelska igjen. det var deilig. og mannen, eller, eg trur eg kalla han guten, heiter james blake. og eg er så glad, så glad så glad for at eg fekk ein last-minute ticket! heggegud. eg slapp å grine meg i søvn. og kunne desto gå til  sengs med eit brett smil og bankande hjarte. og saknet vart plutselig pittelitt mindre. (men du kan godt komme heim igjen no altså!).

 

james blake er så fantastisk og eg dør litt inni meg kvar gong han åpnar munnen. korleis er det mulig å vere så forbanna talentfull? djiiiis. det er liksom anthony meets radiohead. to ting frå dei beste verdenane! årh. hjartesukk.

 

her er albumet. det er F A N T A S T I S K .

there’s a limit to your love.

28 Feb

… dersom eg plutselig skulle gifta meg her og no, så hadde eg gått med desse kjolane (som eg LÆTT kunne gått med til vanleg også).

gunne sax, mitt favoritt vintage kjolemerke. eg skal giftast og begravast i ein gunne sax kjole.:

akk.Frøken Diana, du har så altformange fristelsa!

 

 

 

Frøken Dianas Salonger. v.2

27 Jan

fra frokendianassalonger.no

eg har endelig fått meg ein jobb! hurra! og det er ein grådig fin jobb. i ein grådig fin salong. vi selger fine kjolar. og då meina eg f i n e kjolar. tusenvis av lekkre øyredobbar med diamantar og kirsebær. ting og tang som folk har bruk for. og sist men ikkje minst, vi spelar den finaste- mest passande musikken. i love it.

her er ein liten bildebonanza!

(meir …)

so many eyes and faces been to all kinds of places.

5 Okt

ein ting som gjer meg hoppande glad. og som får meg til å føle meg som ei lita jente igjen. for ikkje å snakke om nostalgisk.

nemleg dette:

arh. fotoboksar. gamle fine, analoge fotoboksar! i love them. og den i sanfransisco var den finaste. skikkelig lang ventetid på bildet og allting. det er sweet.

kjærleik. og foresten, kate moss er heit. hot. digg. tilogmed den ekle statuen der ho har beina bak hovudet i operapassasjen! tsh.

kjærleik.

17 Sep

dette er kjærleik.

eg vert heilt varm i hjarterota mi. hjartesukk.

ég gaf ykkur von sem varð að vonbrigðum.. þetta er ágætis byrjun.

14 Sep

mor reiste til varmare strøk. far reiser til varmare strøk. eg kunne ikkje bli med. så då reiser eg til kaldare strøk.

hallo islandshest! geysir! vulcanos! vill sævv! islandsgenser! reykjavik! vind!  barugata 11! den blå lagune! billig øl! sigur rós land! iceland airwaves! hallo. hallo! eg har venta så lenge. no kjem eg på besøk! jippijai.

(nei mamma, eg drite ikkje penga. fortsatt. kæilln betalte! hurra.)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.