det er juni. månaden då eg vanlegvis pakkar snippsekken og reiser heim til sogn og fjordane. fylket i mitt hjarte. og heimplassen(ane) mine. det er der eg har vore kvar sommar i 23 år. men denne sommaren er annsleis. eg er ferdig utdanna, osloborgar og deltidsansatt i ein fjong butikk og drøymer om å få fleire freelance vakter i tevebransjen.
eg fryktar at dette kan medføre få eller ingen turar innom det vakre vestland iløpet av den finaste årstida- då ferien blir brukt å reise til det store utland. akkurat no. ja, nett no så kjenne eg litt på om eg heller skulle brukt dei to vekene av ferien min på å reise heim. heim til mor. til hytta. til inefi og resten av familien. det føles nemlig litt rart og surrealistisk og tenke på at eg skal vere i oslo heile juni. juli og august. dei tre månadane då eg berre er heime. stort sett.
akk ja. slik er det vel å vere vaksen. og som far min seie, ein kan ikkje få med seg alt her i verda.. prioriteringar. kanskje har eg prioritert feil denne gongen? kven veit. tida vil vise.
(men eg gler meg til balkanferie altså, dont get me wrong lissom. men kunne godt tenkt meg både i bøtter og spann).
eg saknar deg, sunnfjord.











