ok, så var det kanskje langt og lenge mellom blogginga om dagen. men no er eg her igjen altså. så, hallo bloggen! (ekje det det kidsa seier?)
sidan sist har eg opplevd ekstremt mykje. ting eg mest sannsynligvis ikkje hadde fått opplevd om eg ikkje hadde møtt min fantastiske venn, May, for to år sidan. eg har nemleg vore på vestbredden, palestina- eller for dei utan peiling, israel. to fantastiske veker, som eg kunne snakka om 27/7, non stop. men det skal eg altså ikkje gjer. sjølv om ein kanskje burde drive med den slags folkeopplysning. men eg har eit bedre forslag, istedenfor at eg skal fortelle, skrive dårlege setningar eller overfortelle; reis til vestbredden! utforsk palestina. berre gjer det. du vil aldri snu deg tilbake eller angre. eg lova, handa på hjartet. eg er iallefall eit meir opplyst menneske, og har ei mykje betre forståing for konflikten mellom palestina og israel. og foresten, det er ikkje farlig- viss det er det som held deg tilbake. (men altså, det kan vere ting du helst ville sluppet å sett. men som du seinare kanskje blir glad for at du såg..om du skjønna).
uansett, dette er ein oppsummering, i bilder- for det er jo det eg er best på. my weeks in palestine (og litt i israel).
denne posten burde ha eit soundtrack,så det blir bandet som lagde liv og spelte ein skikkelig bra konsert på nyttårsafta. so, listen to this when you read this post.




