the mother we share.

22 Nov

 

min nye hangup er fra glasgow. and there is so much to love about it!

CHVRCHES.

our life is not a movie or maybe.

23 Okt

eg har fått det for meg, (etter å ha surfa på internettet) at hussjela vil bli komplett med eit sett gamle kinostolar. vi snakkar 20/30/40/50/60-talls. såklart. akk. kor fint hadde ikkje det vore?
om du skulle komme over nokon, så sei ifra! velour er bra. raud eller blå.

Cuba: La Habana

14 Okt

Havana, eller som spansktalande folk sjølv seier, La Habana, er Cubas hovudstad. Men det veit de nok allereie. Antar eg.

Det er ein svær by. Med sjukt mange mennesker pr.kvadratmeter. Det er alltid full rulle og noko som skjer.

Eg har nok ikkje fått med meg alt på den veka vi var i denne byen, men her er ei lita men lang oppsummering/anbefaling. Enjoi. Les meir

kor e alle prikkane?

12 Okt

eg trur prikkane på bloggen har fosvunnet. har du sett dei?

ps. eg er svært dårlig til å oppdatere. årsaka er arbeidsledighet som=uinspirert. sårri.

men seriøst, kor e det blitt av prikkane liksom?

UPDATE: eg fant eg fant!

im still alive.

16 Aug

hei bloggen! hei verda!

– sånn. då var eg igang igjen.

eg har akkurat komme meg etter sommarens jetlag (som virkelig tok på denne gangen), for ikkje å gløyme øyafestivalen. sjølv har eg fortsatt dårleg sovemønster og vaknar klokka midt på natta, fordi eg trur at det er morgon på cuba. og dette er etter å ha vore heime i over ei veke. men, det er vel på tide å gjennoppleve tidenes sommarferie igjen, her på blåggen. eller hur? iallefall ein liten smakebit. eg har bestemt meg for (sidan eg har blitt ein så fryktelig dårleg bloggar) at eg skal dele innlegga inn i byar. vi har jo tross alt reist lenge. og langt. eg kan jo ikkje forvente at nokon skal orke å sitte å scrolle seg nedover i time etter time. dermed vert det slik denne gongen. og eg trur vi går kronologisk etter reisemønsteret vi plotta inn i gps systemet på iphonane våre.

for det såg slik ut:

-Havana
– Vinales
– Maria La Gorda
– Cienfuegos
– Trinidad (nei, ikkje som i trinidag og tobago)
– Caibarien
– Morón og Cayo Guillermo
– Camagüey
– Santo Domingo
– Santiago de Cuba
– Baracoa

pjuh. lang rute sa du? ja, berre sjå på kartet! etter fire veker på cuba har vi vore innom 11 byar eller «byar» om du vil. 12 provinsar og lagt bak oss tusenvis av mil i alle verdens slags rare skranglekassar. pluss slitt ut ei lonely planet bok. og ikkje nok med det, før vi reiste til cuba hang vi jo fem dagar i berlin. og vi reiste ein snartur innom jamaica- sånn når vi først var i karibien.  (korleis klare eg å skrive spanske bokstavar foresten?)

vi har hatt ein svært spennande, interessant og veldig varm ferie- vi snakkar opp mot 40 varmegrader og sjukt klamt klima. for sjølv om det var varmt og sol og alt det der, så var det også regnbyer som vi kunne bada og vaska oss rein og fin i nesten kvar dag. for sommaren i karibien er også tida for orkansesong og såkalt regntid. men hallo, eg er jo vestlending. no stress!

før vi virkelig går igang med reisedagbok og byguide, så tenkte eg at det kunne jo vere trivelig med eit bildebevis eller to. fra iphone i første omgang.

revolusjonsheltane. fidel castro. camilo cienfuegos. ernesto che guevara.

bevis på at havet i karibien er heilt kreisi. sett frå eit fly tilogmed.

havanas flotte hus og gater.

…. to be continued!!

Lost but now I am found I can see but once I was blind I was so confused as a little child Tried to take what I could get Scared that I couldn’t find All the answers, honey

30 Jun

passe mørkt. og veldig fint.

 

 

 

 

 

eventyrskogpremiere!

16 Mai

 

her er det lenge sidan det har skjedd noko, gitt. men når det først skal skje, så skjer det med eit smell! neida, joda, neida. joda.

i helga som var gjorde teamet brøndbo solheim-olsen det igjen, dei lagde kunst. i skogen. med ein mann som spelte gitar og vennane hass. det blei til ein musikkvideo.

slik ser den ut: